Trappeprodusenten

Trappeprodusenten er ei tradisjonsrik handverks­verksemd i Askvoll kjent for trapper og interiør av høg kvalitet.

Trappeprodusenten

"Eg er veldig godt nøgd med BAUTA sine tenester. Heile prosessen har fungert godt, og eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå kundar og andre på måten Trappeprodusenten no framstår. Vi ser og at både websida og Facebooksida blir brukt aktivt av kundar, og har gitt nye oppdrag."

Agnar Ask
Trappeprodusenten

Vårt mål er at alle BAUTA-kundar skal kunne sette eit kvalitetsstempel på produkta vi leverer til dei. Men i dagens marknad med eit hav av tilbod og aktørar er det ikkje nok å berre levere kvalitet.

Om ikkje marknaden kjenner produktet ditt, eller om du ikkje klarer å tydeliggjere ditt eige unike konkurransefortrinn, vil dine konkurrentar få ordrane, uansett kor mykje betre ditt produkt i utgangspunktet er.

Det er her BAUTA har sitt unike konkurransefortrinn. Vi tilbyr tenester innan bedriftsutvikling, marknadsføring og kommunikasjon, med utgangspunkt i ein heilskapleg strategi.

Trappeprodusenten. Ei verksemd med eit kvalitetsstempel.

Trappeprodusenten er eit godt eksempel på korleis BAUTA sitt arbeid har resultert i det kvalitetsstempelet vi ser her i dag. Trappeprodusenten sjølv har alltid levert det same gode kvalitetsproduktetet. Eineståande handtverk i form av unike trapper og smakfullt interiør heilt sidan 1932. Godt handtverk vil alltid ha livets rett. Ingenting er meir givande enn å få skape vekst og nye moglegheiter for ein kunde med så stort vekstpotensiale med sitt unike produkt.

Der ligg mykje konseptualisering bak identitetsskaping. Ein god logo og eit godt slagord oppstår ikkje tilfeldig, men er produkt av ein omfattande prosess. Her er logo og slagord eit resultat av ein grundig analyse og strategiutviklingsprosess. I dette tilfellet er slagordet forma som kunden sitt eige kvalitetsstempel.

Merete på opplæring i verkstaden med Agnar Ask som villig læremeister. Å få innsikt i produktet, bransjen og rammebetingingane er første byggestein i ein vellykka marknadsstrategi.

I eit heilskapleg BAUTA-prosjekt som dette ligg der eit stort bedriftsutviklingsprosjekt til grunn. Det omfattar ein strategiplan der vi jobbar på alle plan i verksemda, med fokus på mellom anna produktutvikling, marknad, organisasjonsutvikling, leiing, økonomi og administrasjon. I BAUTA set vi den utarbeida marknadsstrategien ut i praksis. Vi sørgjer for at mål, visjonar, verdiar og konkurransefortrinn ligg til grunn når verksemda sin visuelle identitet og markedskommunikasjon skal skapast.

Vi designar websida frå grunnen av med utgangspunkt i verksemda sin visuelle profil og marknadsstrategi. BAUTA har eit ekstra fokus på godt bildemateriale i sine websider.

Trappeprodusenten sine websider er ein viktig del av verksemda sin marknadsføring. Websidene er utvikla i samsvar med den visuelle profilen som vart utarbeida i logoprosessen og dei marknadsstrategiar som vart utvikla innledningsvis. Websidene skal vere ein trygg base der kundane og marknaden skal kunne søke informasjon, hente inspirasjon, og kome i kontakt med Trappeprodusenten. Trappeprodusenten har fått mykje skryt og positive tilbakemeldingar frå marknaden for dei nye websidene utvikla av BAUTA.

Trappeprodusenten på Facebook. Ein effektiv marknadsføringskanal. Besøk dei gjerne.

Å vere synleg i sosiale media er ein viktig del av ei verksemd sin kommunikasjon ut til marknaden. Trappeprodusenten hadde ein manglande profil i sosiale media, og med utgangspunkt i verksemda si tid og ressursar prioriterte vi Facebook som den viktigaste kanalen i første omgang. Det viste seg raskt at dette var eit godt val. Facebook har blitt ein viktig kanal for Trappeprodusenten sin dialog med kundane. Innlegga på sida får særs god respons, og fleire henvendingar har kome gjennom sida. Facebook-sida blir i dag drifta av BAUTA, i tett dialog og samarbeid med Trappeprodusenten.

Brosjyre for Trappeprodusenten, som fylgjer den tydeleg gjenkjennelege visuelle profilen.

I dagens digitale verd er fysisk marknadsføringsmateriell og profileringsartiklar minst like aktuelt som før. Gode brosjyrer og giveaways til bruk i butikk, på messer og elles gir eit konkret og meir varig inntrykk enn kva digitale annonser ofte etterlet seg. Vi har utvikla ei lekker brosjyre for Trappeprodusenten som fungerer som ein merksemdsskapar og er eit ekstra marknadsmiddel for å nå ut til forbrukaren. Brosjyra syner potensielle kundar vegen til websida og Facebook, der dei finn utfyllande informasjon om Trappeprodusenten.

Trappeprodusenten sin logo og stempel har blitt implementert i ymse profilmateriell.

BAUTA sørgjer for at den visuelle kommunikasjonen og marknadsføringa danner ein heilskap og er i samsvar med den marknadsføringsstrategien som er utvikla for verksemda. Her ser vi nokre eksempel på korleis Trappeprodusenten sin nye profil er gjennomarbeida i alle ledd. Nøkkelen til suksess ligg i detaljane og presisjonsarbeidet vårt innanfor våre respektive fagområde. Saman formar vi ein heilskap som er større enn enkeltdelane. Når det inntrykket kunden og marknaden får samstemmer i alle kanalar og ledd, har vi lykkast i å skape ei sterk merkevare.

Pristilbod / målemanual gjer det enkelt for TP-kundar å finne svar på det viktigaste.

Trappeprodusenten sine trapper og innreiingar har alltid hatt den same høge kvaliteten. TP får i dag formidla dette klart og tydeleg gjennom verksemda sin marknadskommunikasjon utad. Trappeprodusenten har blitt synleg i marknaden og fleire kundar får no gleda av å stifte bekjentskap med denne verksemda som har levert kvalitetshandtverk heilt sidan 1932. Dei er faktisk Norges eldste trappeprodusent, og vi i BAUTA er stolt av å ha dei som kvalitetskunde.

Les meir på trappeprodusenten.no