Tenester

Team BAUTA har kompetanse og erfaring på alle fagområde som gjer verksemda di synleg.

#skaparkraft

Strategi / Utvikling

Korleis skal verksemda utvikle seg videre? Eit blikk som ser alt frå utsida kan bidra til å setja fart og retning for di verksemd.

Bauta har kunnskap og erfaring om kva som skal til for å drive godt. Med vekt på å motivera folk og få dei til å visa seg frå si beste side. Det er folka som skapar resultata! Bauta har kompetanse på leiing, innovasjon og bedriftsutvikling.

Analyse – Vi avklarar kvar verksemda er i dag, marknadssituasjon og kva moglegheiter verksemda bør leggje vekt på for å kome vidare.

Marknadsstrategi – Basert på resultata frå analysen utarbeidar vi strategiar for korleis verksemda skal byggje sin merkevare og skape unike konkurransefortrinn i markedet.

Iverksetting – Vi sørgjer for at verksemda sine utarbeidede marknadsstrategiar omsettast i praksis og at det er ein heilskap i alt verksemda kommuniserar ut i marknaden.

Visuell kommunikasjon

Alt du visar fram skapar eit inntrykk av verksemda. Både medvite og umedvite.

Ein gjennomarbeida og effektiv visuell kommunikasjon er heilt avgjerande for å gje eit godt inntrykk.

Visuelt formspråk – Bauta tenkjer heilhet for å gje deg eit visuelt formspråk som speglar identiteten og grunnverdiane til verksemda. Det skal visa det som er unikt.

Gjer inntrykk! – I praksis vil det mellom anna seia flotte og tydelege logoar som vert huska og designelementer som skapar identitet i heile verksemda.

Digital og trykk – Logoar, brosjyrar og anna trykt materiell, design av nettstad, banner, skilt og alt anna du treng for å vera synleg i din marknad.

Marknadsføring

Marknadsføring er det å føra til marknaden. Det er ein sosial prosess som best mogeleg skal formidla den verdi verksemda kan tilføra kunden. I den store flaumen av informasjon krev det medvite bruk av kommunikasjon og formidling i mange ulike kanalar.

Bli sett og høyrd – Di verksemd og ditt produkt skal nå ut til marknaden gjennom dei beste kanalane. Til riktig tid og med eit bodskap tilpassa dei rette folka. Bauta tenkjer heilskap og tilpassar alle verksemdas aktivitetar til merkevarebygging i alle ledd.

Ord skaper verdi – Bauta finn dei beskrivande orda og dei gode historiene om verksemda og dei som har sitt arbeid der. For å skapa kontakt, vekkje gode kjensler, og eit godt omdøme for verksemda.

På alle flatar – Innhaldsmarknadsføring på nett, nettsidetekstar, nyheitsbrev, artiklar, pressemeldingar og alle andre tekstar som kan bidra til å oppfylla verksemda sine mål.