Referansar

Referansar

"BAUTA leverte over all forventning og vi merkar alt no effekten i form av større inntening og auka merksemd. BAUTA sin solide kompetanse har gitt oss det lyftet vi trengte."

Bente- Annita Lavik Coskun,
Ann-Elisabeth Lavik Akse
og Frode Akse i Lavik Torg

"Eg er veldig godt nøgd med BAUTA sine tenester. Heile prosessen har fungert godt, og eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå kundar og andre på måten Trappeprodusenten no framstår. Vi ser og at både websida og Facebooksida blir brukt aktivt av kundar, og har gitt nye oppdrag."

Agnar Ask i Trappeprodusenten

Siste prosjekt frå Instagram


Nokre av våre kundar

Trappeprodusenten

Sunnmiljø

Lavik Torg

Lavik Kro

Søstrene Lavik

Lavik Dekkservice

Lavik Maskinsenter

Heimelaga mat frå Pøylo

Bjarne Andre Lekva

Gulatinget

Fjord Gardsmat

FjordLagunen

Gamle Hansa Design

Leonards Forlaavelse

Sub Aqua Tech

Sunnfjord Geo Center


Lavik Torg

Lavik Torg er eit strålande eksempel på korleis eit bedriftsutviklingsprosjekt har resultert i ei vidareutvikling av tenestetilbod og omprofilering av ei verksemd sin profil.

Lavik Torg, som på folkemunne vart omtalt som Lavik Senter, hadde ingen eigen profil eller marknadsføringskanal. BAUTA utvikla logo og visuell profil basert på marknadsstrategien som vart utvikla saman med Lavik Torg. Vi gjennomførte og fleire andre tiltak (mellom anna utarbeiding av Facebook- og webside) for å styrkje Lavik Torg sin posisjon som ein naturleg stoppestad for både lokalmiljøet og gjennomgangstrafikken.

Som ein naturleg konsekvens av bedriftsutviklingsprosjektet tilknytt Lavik Torg vart det og gjennomført tilsvarande prosessar for fleire av dei øvrige verksemdene i ”Lavik-familien”. Utarbeiding av nye logoar og visuelle profilar for samtlege selskap, og høg marknadsføringsaktivitet, har ført til mange positive tilbakemeldingar frå marknaden.

Prosessen har vore ei spennande og særs positiv reise for både verksemdene og for BAUTA, og vi er stolte og takknemlege for at vi fekk høve til å bli med å vidareutvikle desse flotte næringsaktørane i Lavik.



Trappeprodusenten

Trappeprodusenten gjekk på kort tid frå å vere ei lokal verksemd kjent for kvalitetstrapper og interiør til å bli ein nasjonal leverandør med ein heilskapleg og gjennomført profil.

Trappeprodusenten hadde som mange andre verksemder fokus på det dei kan best, å lage trapper og møbler av høg kvalitet. Profilerings- og marknadsføringsarbeidet kom i andre rekkje, men etter eit vel gjennomført bedriftsutviklingsprosjekt med BAUTA opplever Trappeprodusenten no auka merksemd og større pågang frå ein utvida marknad. BAUTA gjennomførte ei grundig marknadsanalyse, noko som la grunnlaget for den visuelle identiteten, web- og Facebooksidene, samt ulike typar profileringsprodukt og trykksaker.

Du kan lese meir om vårt arbeid med Trappeprodusenten, og sjå eksempel på konkrete løysingar BAUTA har utvikla, på denne sida.