Om Bauta

Om Bauta

"Med heilskap som sentralt nøkkelord leverer vi framtidsretta løysingar som skaper utvikling og vekst."

Team BAUTA

BAUTA Utvikling AS vart stifta i januar 2016 og består av kompetente folk med røter i Ytre Sogn. Vi arbeider med fleire tankar i hovudet på ein gong, noko som sikrar våre kundar tett oppfølgjing og dei beste resultata.

Vi i gjengen bak BAUTA møtte kvarandre då vegar vart kryssa i HAFS-regionen i Sogn og Fjordane i 2015. Vi fant raskt ut at vi hadde mykje til felles, som det brennande engasjementet for å skape utvikling og vekst hos våre oppdragsgivarar. Etter kvart fekk samarbeidet som vaks naturleg fram ei meir formell form då BAUTA Utvikling AS vart etablert.

Eit av måla våre, utover å levere arbeid av høg kvalitet, er å bli ein dominerande aktør på marknaden innan strategiutvikling og kommunikasjon på Vestlandet. Vi ser kvar dag det store potensialet som finst i næringslivet på Vestlandet, og meiner at dyktige verksemder mellom fjord og fjell og fortener ein dyktig samarbeidspartnar innan våre fagfelt. BAUTA tar ansvar, er til å stole på, og leverer løysingar for framtida.

BAUTA har også fleire faste samarbeidspartnarar, som den eminente bergensbaserte fotografen Tove Lise Mossestad. Besøk gjerne facebooksida og nettsida hennar.

Kontakt oss om du og ønskjer å utløyse potensialet i di verksemd.